Å aksepterast som den ein er

Helge Torvund

Profilfoto: Morten Brun.

Tenk om du kunne møte nokon som sa at dei godtok deg slik du var. At du var tilgitt alle dine feiltrinn og desse skammelege karaktertrekka dine som stadig får deg til å gjera ting du føler er galt. Gjerningar som sårer andre og framstiller deg som ein person du er pinleg klar over at ingen eigentleg kan like. Du veit, du har ofte tenkt at, ja, dei seier dei liker meg, men dei skulle bare visst. Hadde dei verkeleg kjent meg, verkeleg visst korleis eg er, så hadde dei nok ikkje likt meg lenger. Det hadde i alle fall ikkje eg gjort. Eg liker ikkje meg sjølv. Og det med god grunn.

Å så tanken på at det verkeleg skulle finnast nokon der ute ein stad, som sa: kom som du er! Eg elskar deg utan omsyn til kva du har gjort, kva du gjer eller kjem til å gjera. Tenk om du kunne møte ein person som såg på deg med kjærleiksfulle augo og sa: For meg er du god nok som du er.

Hold rundt meg
Hold rundt meg

Du merker at det måtte vore ein Buddha eller Jesus eller rett og slett Gud det der. Dersom nokon verkeleg skulle seie dei orda der. Ord som ville løyst deg ut og frigjort deg frå all skyld og skam og gitt deg ei kjensle av at du faktisk er heilt OK. Det er ikkje noko gale med deg. Det er ikkje slik at du må forandra deg på ein bestemt måte (som du eigentleg veit veldig godt at du ikkje får til, uansett)  for at denne personen skulle lika deg. Ja, beint fram elska deg.

Eg har godt nytt til deg. Den personen finst. Men det er ei hake ved et heile. For den personen er ikkje verken Buddha, Gud eller Jesus. Det er deg sjølv.

Kvinne ser ut av vindu
Kvinne ser ut av vindu

Det er du som har denne muligheita, makta, evnen til å frigjera og løysa deg frå så mykje dritt. Men betyr ikkje dette nettopp at du må gjennomgå ei slik endring som du ikkje er i stand til. Som du veit så forbanna godt at du ikkje klarer? Kanskje. Kanskje ikkje.

Eg trur du fikser det. Eg trur du kan verta overtydd om at det kan gå, og sjå i korte glimt at det er heilt rett. Du er eit ikkje perfekt menneske. Du har mange feil og du har gjort mykje mot andre som du gjerne skulle ha ugjort. Alt dette er sant nok. Men korleis kan du då akseptera deg sjølv? Korleis kan du godta at du er god nok slik du er? Er ikkje bare det bullshit frå folk som har levd pene og pyntelege liv? Nei, det trur eg ikkje. Eg trur ikkje det finst nokre pene liv, eg. Alle har sitt. Og du har ditt. Men me er bare menneske. Me er bare verkelege dersom me lever som menneske, og det vil seie at me gjer våre feil. Igjen og igjen. Men så kan ein altså brått innsjå; det er ikkje noko gale ved meg. Eg er som eg er og slik er det. Det er godt nok.

Her er me. Denne augneblinken er vårt eigentlege liv. Det er nok å vera til, så er du til. Det er nok å trekkja pusten, så er du del av den store samanhengen. Dette er deg. Ingen kan dømma deg. Eller, visst kan dei det. Dei dømmer og vurderer og står i. Me veit jo det. Men det som kan skje, er at du sluttar å dømma. Du kan slutte å vurdera andre menneske sine handlingar.

Park Bench
Park Bench

Bare observer det som skjer. Aha! Nå skjer dette... Nå gjorde ho det... Nå gjekk han bort dit... Nå sa den gamle det... Øv deg på å følgje med. Legg merke til kva som skjer. Men dropp vurderinga; ikkje tenk på om det var greitt eller dum eller heilt på tryne. Bare tenk: Eg dømmer ikkje. Det er ingen som forlanger at eg skal gå rundt å avgjera kva som er rett og galt. Frå nå av skal eg bare sjå på kva som skjer og leggje merke til det. Det blir ikkje lett, det kan eg lova deg. Me er opplærte til to ting. Grundig opplærte; til å vurdera ting, og til å tenkja at alt er anten/eller. Anten er det galt, eller så er det rett. Anten så er det dumt eller så er det klokt. Anten så er eg vellykka, eller så er eg totalt mislykka.

Det er ein måte å tenkja på, dette. Ein måte å bruke språket på. Men det er ikkje eigentleg slik det er. Det er ikkje eigentleg slik du er. Du er ikkje mislykka eller vellykka. Du er deg. Og du er til. Og du finst på ein måte utanfor dette språket og desse vurderande tankane. Du bare er der. Hei! Her! Er!

føtter i kløver
føtter i kløver

Om me kan gløyme slike båsar og kategoriar, galt – rett, dumt – klokt, og av og til bare vera til. Gå. Sjå. Kjenne.

Då kan me ta dei første stega i retning av det å faktisk akseptera oss sjølv. Ja, akseptera at ting er som dei er. Slik er denne verda. Her er det altså me bur. Her er det altså me held til. Du verden!

Men, kan du seie, du kan vel ikkje meine at det ikkje er slik at det ikkje finst noko som er gale? Dersom eg køyrer på feil side av vegen, då merker eg jo fort at det ikkje er like rett som å køyre på den andre sida? Jau, det er sant. Eg er sjølvsagt klar over det. Og visse slike ting må me forhalde oss til og passe på. Det er opplagt. Sjølv om det ikkje er like opplagt at det er nett den sida av vegen som er den rette, og den andre er feil. I England tenkjer dei heilt motsett. Så det er altså uansett bare noko ein vert einig om. Slik vil me ha det.

Du er ikkje feil. Nokon kan meine at du har gjort feil ting. Nokre kan til og med meine at det er noko gale med deg. At du er gal. Men det blir ikkje slik fordi om nokon meiner det. Det er ikkje slik.

Urban Butterfly
Urban Butterfly

Du kan gå bort frå den store trafikkerte vegen der alle tenkjer på same vurderande måte, og ta inn på ein liten sti der alt bare er som det er. Og du kan sjå tinga i eit klårare lys. Ah! Ein sommarfugl! Ein gul sommarfugl som flimrande flyg forbi deg. Og sjå der; eit samankrølla papir etter ein oppeten kroneis! Ein stein, eit avtrykk etter ein traktor, ein ihelkøyrt frosk, asfalt og grus og husvegger og bussar! Du verden!

Benk i solen
Benk i solen

I dag sat eg på ein benk i ein halvtime og såg på slike ting som eg har sett på heile livet. Borken på ein furustamme. Sanden mellom graset ved stien gjennom skogen. Eg SÅG dette brått. Furustammen med alle sine varme fargenyansar; brunt, gult, grønt, rødleg. Og sanden med alle sine nyansar av grått og blått. Sjå her, sa denne verda til meg. Me har vore her så lenge du har levd. Ser du oss? Er me feil? Er me korrekte? Nei, me bare er her. Nett som du. Velkommen til verda. La oss vera her saman.

Sa furua.